Sara (24) er "digital frivillig" i jula
Saka vart først omtala i avisa Framtida i 2025: framtida.no
Sara planlegg å ta vakter i jula i år og.
Noreg er tradisjonelt kjent for dugnadsånda. I 2004 vart «dugnad» kåra til Noregs nasjonalord i eit NRK-program. Noreg ligg på Europa-toppen i frivilligheit. Men kva forhold har unge i Noreg til dugnad og frivillig arbeid?
Frivillighetsbarometeret 2025 syner at dei under 30 år i mindre grad enn eldre grupper har delteke i frivillig arbeid det siste året. Det siste året oppgir 19 prosent i denne aldersgruppa å ha delteke i frivillig arbeid minst éin gong i månaden.
Frivillig frå utlandet
Ei som derimot vil tilrå andre å vere frivillig digitalt er Sara på 24 år. Ho jobbar som frivillig i Kirkens SOS si chatteteneste.
Kirkens SOS er ei kriseteneste for dei som treng nokon å snakke med når dei har det vanskeleg. Difor brukar me berre fornamnet til Sara.
Sara bur i Amsterdam, og derifrå er ho tilgjengeleg på chat.
– Eg har vore med i Noreg òg, men det har ikkje så mykje å seie kor du er. Fordi det er digitalt, har eg høve til å vere pålogga og delta kor eg er. Det er heilt fantastisk, seier ho.
Ein kan nå Kirkens SOS på chat, melding eller på telefon.
– Nokon samtaler er rolege, andre er intense og kjensleladde. Der kan alvorsgraden vere veldig høg. Mange tek kontakt når dei står i ei krise, er einsame eller har mørke tankar.
Livsviktig oppdrag
– Ein merker at ein chat som dette kan vere livsviktig for nokon der og då, det er veldig meiningsfullt.
Sara ser fleire fordeler med at det er digitalt.
– Det er veldig fleksibelt, og ein kan hjelpe menneske der dei er. Og at det er anonymt og over chat gjer terskelen lågare for å ta kontakt.
Men at det er digitalt kan òg vere utfordrande.
– Det vanskelegaste er at eg ikkje ser og høyrer dei som skriv. Ein veit ikkje heilt kor dei er og kva dei gjer. Då kan det vere tungt når ein er ferdig med ein samtale, fordi ein ikkje veit kva som skjer etterpå, seier ho.
Likevel synest ho dei har god opplæring i å handtere slike situasjonar, og at dei har god opplæring i å leggje det frå seg.
– Og så snakkar vi saman før og etter ein vakt. Då får ein sagt det ein tenkjer på, og ein får lufta det om det er noko ein sit igjen med.
Tøff jul
Jula er høgsesong for Kirkens SOS, og i fjor kunne dei få 750 telefonar og chatteførespurnadar på éin dag.
I år skal Sara vere frivillig i jula. Det trur ho kan bli tøft og hektisk. Likevel er det veldig viktig for ho å kunne jobbe i jula.
– Eg skal jobbe nokon dagar kor eg tenkjer det er viktig å vere der for andre.
Sara seier det gir meining å vere der for andre når dei kan ha det tøft, spesielt når det er jul.
– Det kjem nok fleire tunge historier enn vanleg. Då er det bra at ein har eit vaktlag i ryggen. Det gir ein tryggleik, seier ho.